Er du på jakt etter ein deltidsjobb, der du kan bidra til at nokon får ein betre kvardag?

Hei, har du eit ynskje om ein jobb med meining, der du kan gjære ein positiv forskjell i nokon sitt liv. Då kan dette være stillinga for deg.

Eg er ei livsglad og positiv dame i 60-åra, som søkjer etter nye assistentar. Primært er eg ute etter deg som kan jobbe dagtid, både på kvardag og helg. Enkelte kveldsvakter er også aktuelt. Det er ein fordel å ha faste vakter, slik at det ikkje er for lenge mellom kvart besøk.

Har nedsett funksjonsevne og sit i rullestol, men bur i eiga leilegheit, og har bil med automatgir. Dermed treng eg hjelp til dei fleste gjeremål i kvardagen, så du må være mine "armar og bein". Nokre dagar er rolege, medan andre dagar kan være travle.

Eg trivst godt i sosiale lag og likar å være aktiv. Har kajakk, tandemsykkel med el.motor og går på terapiridning.

Nokre av oppgåvene hos meg er:

  • Personleg hygiene
  • Forflytting
  • Bistå på sosiale aktivitetar
  • Matlaging og husarbeid
  • Innkjøp
  • Å være min sjåfør
  • Bistå i trening


Eg ser etter deg som:

  • Har førerkort klasse B
  • Er god på kommunikasjon
  • Har godt humør og lika å være sosial 
  • Er komfortabel med å jobbe tett på ein anna person
  • Er sjølvstendig, tek ansvar og er pliktoppfylgjande
  • Er fleksibel og løysningsorientert

Eg kan tilby all nødvendig opplæring, og det krevst ikkje at du har spesiell utdanning frå før. I tillegg kan eg tilby eit spennande og godt arbeidsmiljø med meining.

Arbeidstid:

Stillingane gjeld arbeid på dagtid, kveld og helg. Stillinga er fleksibel og kan dermed være ideell for studentar, og dei som vil arbeide deltid.

Om du trur denne jobben kan passe for deg, så send gjerne inn ein søknad. Søknadar blir vurdert fortløpande og dei aktuelle søkjarane vil bli kontakta. Eg har ynskje om ein snarleg oppstart.

Kvalifikasjoner:

  • Over 18 år
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk
  • Godkjent politiattest. Denne blir innhentet i forbindelse med signering av arbeidsavtalen og skal ikke legges ved søknaden. 


Hva AssisterMeg tilbyr:

  • Konkurransedyktig lønn
  • Forsikring
  • Kurs og kompetanseheving
  • Støtte til treningsmedlemsskap
  • Tilgang til personalrabatter på utvalgte produkter og tjenester
  • Et godt arbeidsmiljø basert på grunnleggende respekt for den enkelte medarbeider 

Søknadsfrist snarest.

Enkel søkeprosess
Det er ikke nødvendig med en søknad, du trenger kun å svare på noen enkle spørsmål.

Lugar de trabajo

Talent Job Seeker
Oslo
Noruega

Radio local

  • Asker
  • Lillestrøm
  • Nesoddtangen
  • Rotnes
  • Skui
  • Lysaker
  • Billingstad
  • Blakstad
  • Sjølyststranda
  • Fjellstrand



Job ID: 8526801 / Ref: 1bf98f62148352c9e4aa031a0ba833e1

Aplicación rápida

Si el puesto le atrae, no lo dude y envíe su solicitud inmediatamente: puede que sea el trabajo de ensueño que está buscando.

Talent Job Seeker

Empleados
51-200
Industria
Servicios de personal